Aktuelt |
Aktuelt |
Etter fem år som leiar i kommunal verksemd kjem Rolf Inge Longva attende til sjømatnæringa. Denne gongen er det Blue Ocean Technology som får dra nytte av kompetansen som den tidlegare gründeren frå Sunnmøre bringe med seg. Rolf Inge Longva kjem frå Brattvåg på Sunnmøre og har i hovudsak jobba innanfor sal, marknadsføring og bedriftsleiing i heile sitt yrkesaktive liv. No har han sagt opp ein trygg og sikker leiarjobb i eit kommunalt føretak, for å komme attende til det han oppleve som eit utfordrande, men utruleg spanande næring.
– Eg vart påkalla, og då måtte eg jo berre takke ja. Kombinasjonen av å jobbe med eit nytt produkt, på same tid som eg får jobbe ut mot ei næring som eg kjenner godt, vart for freistande, seier Longva i ei pressemelding. Han har jobba mange år saman med Hans Runshaug som er styreleiar i selskapet, og understrekar at dette har vore med å påverka valet om å takke ja. Comments are closed.
|
ForfatterBlue Ocean Technology/ Annerledeslandet Arkiv
April 2021
Nøkkelord
All
|
10/22/2017